– Vi var ute frå eitt om natta til seint i går kveld. I til saman 18 timar, fortel Øystein Valde som var ein av tre frå Rauma Røde Kors som i går var med for å leite etter ein sakna mann i Innerdalen på Nordmøre. Valde fortel at han personleg søkte med hund nede i dalen, medan Steinar Sandnes og Anders Alfarnes vart frakta med helikopter for å leite i eit svært alpint terreng ved Skarfjellet. Valde seier vidare at han ikkje trur det blir snakk om ny innsats frå Røde Kors-folket her i Rauma. Han trur kanskje aksjonen blir trappa ned etter at dagen i dag er omme. Morten Eilevmo var ein av tre som deltok frå Romsdal alpine fjellredningsgruppe. Han fortel at dei var ute i fem timar i går i eit breområde og at dei ikkje såg noko spor etter mannen som er sakna. Ingen frå Romsdal alpine fjellredningsgruppe er i Innerdalen i dag, men Eilevmo utelukkar ikkje at det kan blir snakk om ny aksjon allereie i morgon. Stein Siem stein.siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585

Anders Alfarnes frå Rauma Røde Kors var ein av tre frå hjelpekorpset i Rauma som i går var på leiteaksjon i Innerdalen.