Eit nytt skuleår og eit nytt barnehageår er i gang. Snart samlast også elevane i skulen til nytt år. Skule- og barnehageeigar Rauma kommune kan seie seg nøgd med bemanningssituasjonen, ifølge fagsjef Kåre Johan Straume.Han viser til at sju stillingar etter fagutdanna pedagogar vart lyst ut for barnehagane i vår.

– No ser vi at så godt som alle stillingar er dekt, også deltidsstillingar, fortel Straume og viser til at dei i fjor hadde 13 søknader til dispensasjon frå utdanningskrava. I år kan det talet bli tre eller fire.

– Dette er bra, sjølv vi aller helst skulle hatt 100 prosent dekning med fagutdanna personale, seier Straume.

Skule

Straume seier det no ser ut til å bli 100 prosent dekning når det gjeld fagutdanning i skulen. Åtte stillingar vart lyst ut inkludert stilling i vaksenopplæringa.

– Faglærde folk inne over alt, også i deltidsstillingar, seier Straume.

– Korleis står det til med tilgangen på vikarar?

– Vi har nok ingen ting å gå på der, så biletet kan fort endre seg i løpet av året.

– Er søkinga til Rauma god?

– Vi ser i år at det i hovudsak er søkarar som enten har vore inne i eit vikariat, som er busett her eller som har tenkt å busette seg her. Det har ikkje vore mange eksterne søkarar.

– Ser vi ein stram marknad i åra framover?

– Ja, det er ei underdekning på lærarar i landet generelt. Vi har mange på 60 år eller meir og i løpet av fem år er det mange som skal skiftast ut. Og dei skal sjølvsagt erstattast med nye, avsluttar Kåre Straume.