Tanken på å bli massør har vore der lenge, og sist veke blei ho ferdig med alle eksamenar. No er ho ein diplomert massør. Dermed har Rauma fått eit nytt tilbod til innbyggarane sine. At Vivian Voldstad likar å vere i kontakt med folk, er ein av grunnane til at ho ville bli massør. Ho likar og at det er eit fysisk hardt arbeid. Det er nemleg viktig å halde seg i form!

Vivian har sett opp eit koseleg rom heime på Åndalsnes for massasjeklientar. Dermed sparar ho litt på utgiftene i startfasa, men ho kunne og godt tenke seg å jobbe frå ein annan plass, kanskje i samarbeid med andre. Ho tilbyr 25 minutts, 50 minutts og 70 minutts massasje. Det er i hovudsak fire forskjellige massasjeteknikkar, avslapping-/velvære-, klassisk-, sport- og segmentmassasje. Avslapping- og velværemassasje fokuserer mest på at ein kan slappe av og nyte. Klassisk er ei djupare massasje, med meir press.

– For den som ønskar og tåler ei enda djupare og hardare massasje er tingen sportsmassasje, seier Vivian. Som eit supplement til desse går det og an å få massasje på ein spesiell massasjestol.

– Massasje har mange gode verknader, det både økar blodsirkulasjonen og avslappar musklane. Det er ei manuell behandlingsform som løyser opp spenningar i kroppen. Massasje er eit godt tilbod både for gamle og unge, avsluttar Vivian Voldstad.