NRK skal igjen i gang med Klassequizen, der 10.-klassingane i landet konkurrerer i ein kunnskapstevling. Det er fjerde gongen at NRK arrangerer denne konkurransen.

Frå Rauma er det berre Åfarnes skule som har meldt seg på. På landsbasis er det 432 påmelde skular og i Møre og Romsdal er det 34.

Oppstarten på konkurransen er 6. januar. Kvar måndag, tirsdag, torsdag og fredag vil det blir konkurranse i ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal på radioen. Åfarnes skal i elden den 25. januar. Programleiar lokalt er Sara Lovise Roaldseth.

Dei beste laga går vidare til fylkesfinalar og kvar fylkesvinnar går til landsfinalen som blir på fjernsyn den 14. mai.

Finalen blir leia av den kjente programleiaren Selda Ekiz.