På grunn av tidleg vinter på Åndalsnes i fjor har det vore ein midlertidig stans i arbeida med å oppgradere plattform til spor ein. Desse arbeida startar opp att 21. mars. I løpet av mars vil også arbeida med å fornye parkanlegget på stasjonsområdet ta til.

– Hausten 2010 starta arbeidet med å oppgradere den eksisterande plattforma til spor ein. Plattforma er heva og skal få nytt dekke. Når arbeida med plattform til spor ein er ferdige, skal Jernbaneverket utføre nokre etterarbeid på plattform til spor to. Båe plattformene vil verte utstyrte med nye monitorar, høgtalaranlegg, lysanlegg og skilttavle. Alle anleggsarbeida på stasjonsområdet skal gjerast ferdig i løpet av mai før turistsesongen startar på Åndalsnes, seier informasjonsrådgiver Hedda Nossen i Jernbaneverket Utbygging.

Konsekvensar

Ho seier vidare at så lenge arbeida med plattform går føre seg, vil plattform til spor ein vere stengd. Reisande må i denne perioden nytte plattform til spor to. Når arbeida med plattform til spor ein er ferdige og dei resterande arbeida på plattform til spor to tar til, må reisande nytte plattform til spor ein.

Jernbaneverket seier seg lei for dei ulempene anleggsarbeida medfører for reisande.