Best på isfjordsdialekt

Oddbjørn Grøtta har samla 1100 dialektord frå Isfjorden i ei bok. Vi har prøvd eit utval med ord og uttrykk på ein skuleklasse ved Rauma vidaregåande skule.

Isfjordinga. Eelevane på denne gruppa er frå Isfjorden. Frå venstre Serina Ramskeid, Svanhild Ytterli, Ida Katrin Slettaøyen, Sareeya Insongnoen Gridset og Ingrid Grøvdal Røskar. 

Nyheter

Isfjordingane er best på si eiga dialekt! Det kan vi uhøgtideleg slå fast etter ein aldri så liten test i ein norsktime på Rauma vidaregåande skule. Faglærar i norsk, Johan Setnes, hadde laga testoppgåver med utgangspunkt i den nye boka til Oddbjørn Grøtta.

Bauske, eiterpung, flokse og hause. Alle ord som ein innfødt isfjordingen ville ha brukt heilt naturleg for nokre år sidan. Kanskje mange andre busett i Rauma kommune og, om vi går nokre år attende. Men ord som i dag er i ferd med å falle ut, og med det gjere språket vårt fattigare.

Gamlekarn e vørtinj so gruggjin i måla, var ei av setningane som elevane ved RVS skulle bryne seg på og som gruppa frå Isfjorden greidde å lage om til normalisert norsk. For elevane vart gruppert ut frå kvar dei kjem ifrå under den uhøgtidelege konkurransen. Det var grupper frå Åndalsnes med innslag frå Nordsida, frå Innfjorden, frå Ulsteinvik (kalla Gullsteinvik etter NM i fotball) og frå Isfjorden.

Og kanskje ikkje heilt overraskande, gruppa frå Isfjorden vart klart best i konkurransen. Dei tolka rett alle seks setningane og dei fekk 12 rette av 22 ord som Johan Setnes hadde plukka ut. Resultatet var i særklasse det beste av alle gruppene utan at vi skal gå for langt i å trekkje konklusjonar av det.

– Det er mange ord som eg forstår, men som eg har problem med å finne andre ord som kan forklare dei, seier Svanhild Ytterli som er rotekte isfjording og som med sine 36 år, er den klart eldste av elevane i klassen. Med det seier ho at orda har blitt færre i den moderne måten å snakke saman på og at den opphavlege dialekta i Isfjorden nok var meir ordrik og nyansert enn tilfellet er i dag. Svanhild fortel at ho har mor frå Isfjorden og far frå Nordmøre, men at ho gjennom oppveksten vart svært påverka i språket sitt av besteforeldre som begge var frå Isfjorden. Men Svanhild har budd i Oslo i nokre år og meiner dialekta hennar vart mykje endra der i løpet av få år. Etter at ho no har flytta attende, synest ho no at dialekta no kjem meir og meir attende.

– Eg er svært stolt av dialekta mi, seier Ingrid Grøvdal Røskar. Ho synest ho har ei fin dialekt og at ho gjerne vil halde på dialekta si. Då ho budde eitt år i Lofoten, måtte ho derimot legge om ein god del for å kunne bli forstått.

EIT ANNA svært interessant «tilfelle» er Sareeya Insungnoen Gridset. Ho kom til Isfjorden som åtteåring utan å kunne eitt ord norsk. Ho har far frå Innfjorden og mor frå Thailand, men snakkar i dag nesten rein romsdalsdialekt og Sareeya gjorde det godt i konkurransen om gamle ord og uttrykk. Ho forklarar dette med at ho har vore mykje saman med ei bestemor som er frå Innfjorden og som snakkar «fole» innfjording.

Ein annan interessant observasjon kunne gjerast gjennom Monica Stenseth som er frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Ho kunne resonnere seg fram til ganske mange ord ved å gå vegen om eigen dialektbakgrunn frå Gudbrandsdalen. Truleg er det fleire likskapstrekk mellom dialektane i Gudbrandsdalen og her i Romsdalen enn vi kanskje har tenkt på. Tonefallet er derimot heilt ulikt.

Til og med norsklærar Johan Setnes måtte innrømme at han måtte melde pass på ein del av orda som er samla i den nye boka om isfjordsdialekta. Dette trass i at han er rundt 60 år, er oppvaksen og har budd store delar av sitt liv på Veblungsnes. Setnes seier han gjennom over 30 år ved skulen på Åndalsnes har observert ei klar utvikling når det gjeld bruken av dialekt blant dei unge ved skulen. Setnes viser til at ungdomen i Rauma i dag er mykje meir i lag enn før og at dette påverkar måten å snakke på. På den måten blir bygdedialektane borte. Setnes viser og til at nesten ingen bur saman med besteforeldre slik dei gjorde før og i tillegg har mobilitet og globalisering også nådd Rauma med stor tyngde.

– Det er ikkje uvanleg lenger med mange dialektar og fleire språk blant elevane i ein klasse, seier Setnes.


– Finst det elevar i dag som er svært bevisst i høve eiga dialekt?

– Det er berre unnataksvis, slik eg ser det. Då må dei i tilfelle ha foreldre som er svært bevisste slike ting, seier Setnes og understrekar til slutt at han ikkje har forska på dette, berre gjort seg nokre tankar med bakgrunn i observasjonar gjennom mange år.