Veit du kva "haubrøt" er?

Møle, kolekvinter, jøinnstaur og kåbbelåbbe. Dette er berre eit lite knippe av gode gamle dialektord som er å finne i ei ny utgåve av boka "Isfjordsdialekten".

Bygda Isfjorden. Over 1100 ord frå dialekta i bygda Isfjorden er no samle i andre utgåve av ei bok skrive av Oddbjørn Grøtta. Forfattaren meiner at dialekta i Isfjorden er spesiell. Foto: Steinar Vikås. 

Nyheter

Første utgåve kom i 2005 og den har vore utseld lenge. No ligg føre andre utgåve at boka "Isfjordsdialekten" skrive av Oddbjørn Grøtta. Grøtta flytta vekk frå Isfjorden for mange år sidan, men fortel til Åndalsnes Avis at han alltid har vist stor interesse for språket og dialekten i Isfjorden. Difor kom boka i 2005 og andre utgåve no. Den nye utgåva inneheld ei utvida samling av typiske isfjordsord og samlinga er no komen opp i over 1100 ord i alt. Orda blir presentert som ein systematisk oversikt med grammatiske opplysningar og forklaringar.

– I boka er det og ei nærare beskriving av det karakteristiske tonefallet og den saftige uttalen i Isfjordsdialekta og eg har tatt med ei utvida oversikt over spesielle uttrykk og lokale talemåtar med døme på bruksmåtar, seier Grøtta og legge til at ein energisk uttale, eit særeigent tonefall og bruk av dativ er kjennemerke for isfjordsdialekta.

– I boka finn du og skjellsord, fortel Oddbjørn Grøtta.

Boka vil vere i sal om få dagar.