Lisensfelling på tre bjørnar

DN åpnar for lisensfelling av bjørn i Møre og Romsdal samt dei to andre fylka i Midt-Norge. Og vil du delta i jakta, må du melde deg som lisensjeger.
Nyheter

Rauma har ikkje hatt så mange – både sikre og usikre – observasjonar av bjørn på lang tid som denne sommaren.

I kategorien sikre observasjonar er bjørnen som er sett jagande på sauer i Isfjorden. I tillegg er det også sett bjørn i Innfjorden – ein gong på ein skogsveg på Stokke, den andre gongen på ein skogsveg nær E-136 på Setstranda; knappe kilometeren unna Stokke.

Den siste tida har det vore heilt stille. Ingen har sagt ifrå at dei har sett bjørn i Rauma – verken til Statens Naturoppsyn (SNO) eller til rovviltkontakter i kommunen.

Om det tyder på at bamsen igjen har lagt kursen ut av kommunen, er det ingen som vil spekulere i.

– Men vi kan ikkje sjå vekk frå at bjørnen, som vart observert i Isfjorden, er eit dyr på vandring, seier Thomas Rødstøl i SNO.

I utgangspunktet kan alle som har våpen og papir i orden til å drive storviltjakt, også drive lisensjakt på bjørn og jerv. Men vedkomande jeger må ha lisens, og det får ein ved å registrere seg på ei gjeven nettside ved Brønnøysundregistera.

Når det gjeld lisensjakt på bjørn kan ikkje den drivast med åte. I utgangspunktet kan jakta drivast ved hjelp av hund – men ikkje av typen laus og halsande. Det skal også takast hensyn til når på døgnet jakta pågår. Den må skje ein time før soloppgang og to timar før solnedgang.

Binne med unge/ungar er det ikkje løyve til å felle under lisensjakta.

I dei tre fylka i Midt-Norge er det gjeve løyve til å felle til saman tre bjørnar. Fellingsperioden er frå 21. august til og med 15. oktober.



oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no

71 22 77 26, mobil: