Vil ha besteforeldre

Rauma Frivillighetssentral søker no fleire skulebesteforeldre.
Nyheter

Skolebesteforeldre blei først starta i Sverige nokre titals år sidan. Etter at tidlegare styreleiar i Rauma Frivillighetssentral, Gunhild Dahle, gjorde ei masteroppgåve om temaet skulebesteforeldre her i Rauma, syntes det å vere stor interesse for det. Det blei først starta på Åfarnes, med mykje interesse frå besteforeldre.

Poenget med tiltaket er å få besteforeldregenerasjonen inn i skulen for å hjelpe til. Det kan vere med kva som helst, alt ifrå strikking og sløyd, til lesing og turar. Dei kan vere med på alt, men ikkje ha ansvaret for det pedagogiske.

– Besteforeldregenerasjonen er ein veldig god ressurs til skulane. Dei sit på mykje kunnskap om lokalmiljøet som lærarane kanskje ikkje har, seier Per Arne Skomsø i Rauma Frivillighetessentral.

Skomsø legg til at skulane i kommunen ønsker å få inn skolebesteforeldre, og at det er ikkje krav om å ha barnebarn heller. Berre at ein må ha tida til å stille opp nokre timar i veka. Det er frivillig ulønna arbeid. Men ein treng ein politiattest, og skrive under på teieplikt. Og det er kanskje lurt å like å vere saman med born.

Besteforeldre kan registrere kva aktivitetar ein vil vere med på, og skulane må definere kva dei treng skulebesteforeldra til. Om det er barnebarn i ei av klassane, kan besteforeldra velje om dei vil vere med i akkurat den klassa eller ikkje.

No er det leiar i Rauma Frivillighetssentral, Per Arne Skomsø, som tek imot namn på folk som kan tenke seg ei slik oppgåve.

– Eg har hatt to møter med rektorane, og dei er klare til å ta imot, seier Skomsø.