Satsar med Romsdal Lodge

Eg har klokketrua! Dette kjem til å bli så bra, meiner Ida Siem. Saman med Bjørn Kruse opnar ho «Romsdal Lodge» på Øvre Kavli.
Nyheter

Det er eit yrande liv på tunet til det lille huset øvst i Isfjorden. Heile familien er kalla inn til dugnad for å få ferdig det som frå jul skal bli «Romsdal Lodge». No er huset eit samansurium av måling, verkty, kanelbollar, arbeidslys og folk. Snart kan det bli ein heim for ski-entusiastar frå heile landet.

– Eg har kikka på denne staden i så mange år, og tenkt på kva for ei perle det er. Då huset kom til salgs vart både eg og Bjørn «supergira». Til slutt vann vi budrunden, og sidan i sommar har vi pussa opp for harde livet. No nærmar det seg slutten, og vi håper å vere heilt ferdige til nyttår, seier Ida Siem ivrig.



I eit eldorado

Huset er plassert midt i Isfjorden sitt fjell-eldorado. Ida og Bjørn håper prosjektet kan trekke enno fleire fjellfolk til Romsdalen.

– Vi vil drive det som ein overnattingsstad for fjellfolk. Det er sengeplassar til 7-8 personar, og kjøkken, bad og tørkerom. Også har huset ei heilt unik plassering. Det er kanskje det beste. Ein gå på tur i fleire dagar utan å måtte setje seg i bilen ein einaste gong. Det betyr mellom anna at vi kan hente folk direkte på togstasjonen, og ikkje trenge å tenkje meir på transport før dei skal reise heim igjen, seier Ida.



Mykje potensial

Ida og Bjørn ser for seg fleire moglegheiter for huset etterkvart. Ein kan få høve til å leie huset åleine, eller som del av ei skreddarsydd pakke. Til dømes kan vi tilby guide, skredkurs, toppturkurs og liknande.

– Vi håper å kunne få oss litt fjelljobb gjennom dei som leiger. Både eg og Bjørn har gode kontaktar i fjell-miljøet, og vi ser absolutt marknaden for ein slik stad.

I tillegg ønskjer Ida å kunne bidra til det lokale miljøet.

– Målet er å kunne arrangere til dømes intimkonsertar og foredrag, og gjere huset til ein samlingsstad. Det skal vere ein plass også for lokalfolket. Kanskje kan ein til drive fjell-kafè i helgane, seier Ida.

– Eg kjem til å skifte heilt rolle eg no, seier ho og ler.

– Bytte ut skia med skaut og forklè, og berre pusle rundt for å servere vaflar og koke kakao.



Traversen

Frå huset har ein rett utsyn til Vengestind, Kyrkjetaket, Klaua, Romsdalshorn ogTrollveggen.

– Denne staden har eit unik travers-utsyn. Her kan ein sjå både Romsdalseggen, Hesteskotraversen og Vengestindtraversen. Det èin av tinga ein etter kvart kan gjere eit konsept ut av, ser Ida for seg.

Går alt etter plana, står huset klart til bruk frå ny-året.

– Vi køyrer full fres-policy. Vi er litt sånn Bjørn og meg. Vi bestemmer oss for noko, også kjører vi på med det. Eg føler ikkje at vi tek nokon stor risiko. Der som det mot formodning skulle gå heilt gale, kan vi leie huset ut. Men det trur vi ikkje blir nødvendig.



– De tenkjer ikkje at de kan bu her sjølv då?

– Etter kvart kjem vi til å flytte tilbake til Rauma. Men dette huset er ikkje noko ein kan leve av, så det er litt fleire ting som må klaffe før det kan realiserast. Men vi vonar det blir, seier Ida og smiler.



Klar til start

Romsdal Lodge er i alle fall på god veg til å bli sparka i gang. Allereie er det nokre bookingar på blokka, og fleire skal det etter håpet bli.

– Vi vil nytte det kontaktnettet vi har i miljøet så godt som rå. I tillegg skal vi ha annonsar i blad som Fri Flyt og Klatring. Etterkvart skal vi få opp ei heimeside, og ei facebookside, fortel Ida.

Ho og Bjørn to har stor tru på prosjektet, og entusiasmen lysar sterkt frå begge to.

-Vi gler oss!! Det skal bli «fole svert» å sjå det heile ferdig. Med full innsats denne helga og nokre timar mot jul, er alt i boks, seier Ida.



Heilt konge

– Eg har klokketrua! Det er unikt at ein kan stå på ski heilt til døra, og vi skal ordne flott kjøkken så ein kan stelle i stand skikkeleg middag etter ein dag i snøen. Etterkvart håper vi og å få ein badestamp på plass, avsluttar Ida entusiastisk.

– Det blir «heilt konge». Det er berre å spreie ordet om Romsdal Lodge!