PERsonleg: Gammaldags i ei god uke

Etter å ha køyrd på ein gammal grusveg mellom glissen firiskog og myrer nokre kilometer, er du framme ved ei stor setergrend. Der ligg setra.   Foto: Per Arne Skomsø

Nyheter

Personleg er skrive av Per Arne Skomsø. Skomsø skriv personleg kvar første laurdag i månaden.

Køyrer du nordover i retning Mora kan du ta av til venstre ved eit skilt som peikar mot Arvselen. Så køyrer du på ein gammal grusveg mellom glissen furuskog og myrer nokre kilometer, før du er framme ved ei stor setergrend. Her er det eit 20-tal setrar, spreidd på eit stort område med blomsterenger mellom kvart seterhus. I gamle dagar slo dei desse engene med ljå, tørka graset og lagra det på lade fram til vinteren. Då vart høyet køyrd heim på slede.

Seterhusa på Arvselen fäbodar er gamle, mange over hundre år. Vi har det nyaste seterhuset, frå 1935, og det einaste som ikkje er lafta tømmer. Alle husa er små og låge, og faluraude, og har ikkje blitt modernisert utvendes. (Men nabohuset har fått innsett eit «husmorvindu», og det irriterer meg grusomt). Vi har arva huset og eig det i lag med kona si søster, og vi har pussa opp huset innvendig, i 1935-stil. Ikkje eit einaste hus har innlagd straum eller vatn. Det er som tida har stått stille i hundre år, sjølv om vi stundom kan høyre lydar frå skogsmaskinar frå lang distanse.

Det var folk frå grenda Grimsåker som brukte denne setergrenda i gamle dagar, og det er etterkomarane deira som eig setrene no. Mange av dei bur på setrene sommarstid, og lever då i den gammaldagse nostalgien, som oss. Men ei av setrene er i drift. Der har dei mjølkekyr og kalvar, nokre år også geiter. Når vi sit ved frukostbordet høyrer vi kubjellene nærmar seg, og ikkje lenge etter er kyrne rundt seterhuset vårt, på veg vidare. I kveldinga skjer det same.

Vi har ein djup brønn like attmed huset, der vi pumpar opp kaldt, klårt vatn med ei handpumpe. Like ved står ein stor klestamp, som vi fyrer opp under og skaffar oss varmvatn heile dagen. I ein nedgravd og mura jordkjellar held vi maten kald. Utedoet ligg litt lenger vekke, så vi må planlegge turen dit. Elles kan det gå gale. Og så har vi ei lade og eit uthus til lager av møblar, reiskap og ved.

Dette er altså ei levande setergrend, med folk og dyr. Kyrne er med å halde setervollane opne, med mykje blomar. Men dei er ikkje mange nok til å gjere det åleine. Så år om anna må vi ta eit tak med å rive opp unge småbjørker slik at ikkje krattet skal ta overhand.

Vi veit at bjørnar luskar inne i skogane, dette er hovudområdet for den svenske bjørnestammen, og kvart år er det jakt på om lag 25 bjørnar her. Men det hindrar oss ikkje i å hauste av naturen. Der finn vi gode moltemyrer, eit år plukke vi 27 liter. Tyttebær er det også rikeleg av, og blåbær til dessert.

Heime i Rødven har vi eige hus, med både toalett, fjernsyn og oppvaskmaskin. Der lever vi eit komfortabelt luksusliv det meste av året. Vi kunne sjølvsagt bygd oss ei hytte med den same luksusen. Men kvifor det? Det er kontrasten mellom Rødven-livet og Arvselen-livet som er så spennande, ja faktisk avslappande. For på Arvselen har vi heller ikkje kontakt med elektroniske media, korkje ipad eller fjernsyn. Og mobiltelefonen fungerer berre så måteleg. Men det hender vi kjøper ei avis når vi er nede i sentrum og kjøper feitsild som vi skal steike på glørne i peisen.

Vi reknar oss som heldige som får vere litt gammaldagse kvart år.