Ein tilsett koronasmitta ved Ålesund sjukehus

Fredag testa ein tilsett ved klinikk for diagnostikk ved Ålesund sjukehus positivt på Covid-19. Ein tilsett er sett i karantene og ein tilsett er i ventekarantene.
Nyheter

Det fortel sjukehuset i ei pressemelding.

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på Covid-19 fredag. I samband med den positive prøven er også to andre tilsette sett i karantene. Personen som har testa positivt har fått ein dose av Astra Zeneca vaksina i februar. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane i kontakt med pasientane og tilsette.

- Vi arbeider no med å kontakte dei pasientane som den tilsette har vore i møte med. Det har vi god oversikt over. Smittevegen er under avklaring, seier klinikksjef Ålesund sjukehus Elisabeth Siebke, og legg til at den tilsette ikkje har vore på jobb etter at symptoma meldte seg.

Siebke fortel at dei rutinemessig har rapportert saka til Folkehelseinstituttet sidan den smitta tilsette blei vaksinert i februar