Åtte nye hytter vil bli bygd i 2021

Åtte tomter har blitt seld i hyttefeltet på Nysetra siste året. Det meste nokon gong på eitt år.

Hytteboom: Nils Grytnes og Inge Flovik er to av grunneigarane i Nysetra hyttefelt. Aldri før har det vore seld så mange tomter på eitt år som i fjor.  Foto: Stein Siem

Nyheter

– Ja dette gir store ringverknader, seier grunneigarane Inge Flovik og Nils Grytnes. Det er dei to, som saman med Ole Kristian Sandnes, står bak feltet på Nysetra ved Åfarnes. Og dei to vi møter ein tidleg morgontime på Nysetra, er ikkje i tvil: Det er koronaen som har sett fart i salet og som har gjort at de no har sett rekord på tomtesal på eitt år.