Personleg

«Det går framover»

Personleg er skrive av Per Arne Skomsø. Skomsø skriv personleg kvar første laurdag i månaden.

Landsfaderen: Per Arne Skomsø skriv at Einar Gerhardsen var «stor» i etterkrigstida, at folk såg opp til han og trudde på prosjektet hans.– Pandemien har gjort endringar i samfunna som ikkje kan snuast tilbake. Vi må på mange område starte opp på nytt. Nett som etter krigen. Foto: AP Photo 

Nyheter

Den vesle familien vår flytta frå Smøla til Vågsøy i 1948. Der var det vanskeleg med husrom. Måløy hadde blitt bomba under krigen, og var ikkje ferdig gjenreist. Men ei rorbu i Torskangerpoll, med eitt rom med skråtak var ledig. Det var folk frå indre Nordfjord som åtte alle rorbuene der. Dei kom dit på etterjulsvinteren for å fiske torsk i den torskerike Torskangerpollen, så om hausten stod rorbua tom.