Flytta frå kyrkja til gymsalen: Presten på maratonløp

– Dette har vore mykje rart og mykje negativt i denne koronatida, men dette er rett og slett ein positiv effekt, seier vikarprest Tommy Høgset.

Tenner lys: Tomine Lindreitli Dahle hadde i oppdrag å tenne det eine lyset i gymsalen på Åfarnes skule. Vikarprest Tommy Høgset i bakgrunnen. Alle foto: Stein Siem 

Nyheter

Ingen av skulane i kommunen har hatt skulegudsteneste no før jul. Det får smittevernreglane skulda for og både skular og kyrkja har blitt utfordra på å finne gode alternativ. På Åfarnes flytta dei rett og slett både presten og organisten inn i gymsalen på skulen og arrangerte «gudstenester» i sprinttempo, 25 minutt på kvar gruppe. Elevane var til stades gruppevis og klassevis og det var sett av tid til spriting av stolane mellom kvar gruppe.