Fire sjukehustilsette og to studenter i karantene

To tilsette ved Molde sjukehus, tre tilsette og to studentar ved Ålesund sjukehus er satt i karantene etter å ha hatt nærkontakt med koronasmitta pasient og pårørande.

Janita Skogeng, konst. klinikksjef for kvinner, barn og ungdom  Foto: Privat

Nyheter

Det melder helseforetaket i ei pressemelding:

Torsdag 19. meldte Molde kommune om eit nytt stort smitteutbrot i kommunen. Blant dei smitta var ein pårørande til eit barn som nyleg har vore innlagd ved Ålesund sjukehus og som har vore til poliklinisk behandling ved Molde sjukehus.

- Den smitta pårørande har følgt barnet til behandling ved sjukehusa og vi har derfor gjennomført smittesporing for å få oversikt over nærkontaktar til den koronasmitta. Basert på gjennomgangen har vi valt å setje fire av våre tilsette og to studentar i karantene, seier Janita Skogeng, konst. klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.

I pressemeldinga skriv dei at føretaket har ikkje avdekt at andre pasientar ved sjukehusa har vore i nærkontakt med dei smitta pårørande, men føretaket vil ta kontakt og informere til pasientar og pårørande som har vore i same lokale som den smitta.

Barnepoliklinikken ved Molde sjukehus vil ha redusert drift i veke 48 og barn som har time til behandling i Molde vil bli kontakta.

Ein tilsett ved medisinsk biokjemi ved Molde sjukehus er satt i karantene etter å ha hatt nærkontakt med ein koronasmitta pasient. Ingen andre tilsette eller pasientar ved sjukehuset har hatt nærkontakt med pasienten som også er knytt til det pågåande smitteutbrotet i Molde kommune.