Datakrøll stansa koronasvar fra Møre og Romsdal

Ei oppdatering i Helse Midt-Norge IT har laga krøll for overføringa av prøvesvar til helsenorge.no for koronatester i Møre og Romsdal. Problemet har berre gjeldt negative svar.

FORSINKA PRØVESVAR: Folk i Møre og Romsdal som har tatt koronatest den siste veka, kan oppleve forsinka prøvesvar på helsenorge.no.   Foto: ILLUSTRASJONSFOTO: MARY ALTAFFER / AP / NTB

Nyheter

(rbnett.no) Covid-19-prøvesvar i Møre og Romsdal har sidan torsdag 12. november ikkje vore tilgjengeleg for befolkninga via helsenorge.no. Feilen skjedde i samband med ei oppgradering i IT-systemet, men er no ordna, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.