Han blir MDG sin førstekandidat frå Møre og Romsdal

Carl Johansen frå Sunndal blir MDG sin førstekandidat frå Møre og Romsdal.

Carl Johansen frå Sunndal blir MDG sin førstekandidat frå Møre og Romsdal.   Foto: Privat

Nyheter

Det melder dei i ei pressemelding, etter at partiet laurdag ettermiddag hadde eit digitalt nominasjonsmøte.

Nominasjonsmøtet talte 38 delegatar.

- På førehand var det varsla benkeforslag til førsteplassen. Jarle Hauge Steffenssen tapte denne voteringa mot nominasjonskomiteen sin innstilte kandidat, Carl Johansen. Gro Santi Johnsen var foreslått til andreplassen, men også her vart nominasjonskomiteen sitt forslag på Ingvild Espelid Wold ståande. Rannveig Hana fekk støtte til å stå på 4.-plassen i sitt benkeforslag, heiter det i pressemeldinga.

- Takksam og motivert

Johansen seier i pressemeldinga at han er svært takksam for tilliten, og veldig motivert til å leie valgkampen for MDG neste år.

- Som MDGs første stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, vil eg jobbe for å løfte det grønne næringslivet, for gode og framtidsretta løysingar for samferdsla, og for å styrke bulysta i distrikta, seier Johansen. Han er i dag gruppeleiar i MDG si fylkestingsgruppe og sit i fylkesutvalet og i samferdselsutvalet

Geir Klepaker frå Rauma, som mellom anna representerer partiet i kommunestyret, fikk 9.-plass på lista.

Geir Klepaker har fått niendeplassen på lista.   Foto: Ellinor Rørvik Lothe

Den vedtekne stortingslista ser slik ut:

PlassNavnFødselsårYrkeKommune
1

Carl Johansen

1974

Forfatter

Sunndal

2

Ingvild Espelid Wold

1982

Lærer

Molde

3

Jarle Hauge Steffenssen

1970

Lærer

Ålesund

4

Rannveig Hana

2000

Student

Molde

5

Joakim Skaar

1996

Maskiningeniørstudent

Ålesund

6

Gro Santi Johnsen

1968

Lærer

Kristiansund

7

Øyvind Festø

1982

Lærer

Volda

8

Eli Vullum Kvande

1984

Lærer

Surnadal

9

Geir Klepaker

1972

Bedriftseier

Rauma

10

Lina Engelsrud

1980

Biblioteksjef

Sunndal

11

Geir Gaarder

1961

Forsker

Tingvoll

12

May Britt Haukås

1955

Pensjonist

Ålesund

13

Øystein Settem Wold

1990

Bonde

Hustadvika

14

Frida Gillberg

1979

Lærer

Ørsta