På arbeid for andre

Dei gjer seg klare for ein arbeidsdag ungdomsskuleelevane frå Åfarnes. Det er på jobb og inntekta går ikkje til dei sjølve, men til Operasjon Dagsverk.

På jobb: Thea Frilund Foss, Elida Blichfeldt Moa og Augusta Rødstøl Langnes i arbeid for solidaritetsaksjonen Operasjon Dagsverk.  Foto: Stein Siem

Nyheter

På med eigna arbeidsantrekk og klar til innsats. Først ein instruks frå huseigaren. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Det varierer frå vask av vindauge til rydding i skåp. Thea, Augusta og Elida har fått seg jobb saman, i eit privathus. Dei er alle tre elevar i 10. klasse og har vore med på Operasjon Dagsverk to gonger før.