Har sett i gang vegarbeid utan å søke om løyve:

Trugast med tvangsmulkt

Rauma kommune trugar ein utbyggjar med tvangsmulkt om han held fram med vegarbeid ved Herjevatnet. Utbyggjar meiner han har lova på si side.

Ikkje lov: Rauma kommune meiner at arbeidet med å utbetre denne vegen ved Herjevatnet til Myrsetsetra ikkje er lov grunna at det ikkje er søkt om byggjeløyve. Utbyggjar meiner at han ikkje har gjort noko gale, og har løyve til det grunna vedtak i jordskifteretten frå 2010.  Foto: Rauma kommune

Nyheter

I det siste har det blitt gjort arbeid med å utbetre vegen til Myrsetsetra ved Herjevatnet på Åfarnes. Arbeidet er gjort av ein av grunneigarane i området, men ikkje på eigen grunn.