Håpar på å tangere fjoråret

– Eg var litt skeptisk sidan alt i år skulle går føre seg digitalt, men no trur eg nesten vi kan få inn like mykje som i fjor.

Framleis optimist: Aksjonsleiar i Rauma, Magnhild Vik, seier ho trur at årets innsamlingsaksjon vil kunne nå det same beløpet som i fjor. Foto: Stig Bruksås 

Nyheter

Det seier aksjonsleiar for TV-aksjonen i Rauma, Magnhild Vik. Ho fortel når vi snakkar med henne måndag formiddag at det så langt er kome inn 342.000 kroner. I fjor var totalsummen 392.000 kroner til aksjonen som gjekk til organisasjonen Care. Så langt i innsamlinga i år ligg Rauma på 11.-plass av kommunane i Møre og Romsdal fylke når det gjeld beløp per innbyggar i kommunen.