Bergar kanskje butikken

Fylkesadministrasjonen har innstilt på ei løysing som betyr ei estimert innsparing på 70 millionar kroner når det gjeld ferjekaiene på Åfarnes-Sølsnes.

endra planar: Vedtatt planar for ferjekaia på Åfarnes kan bli endra av politikarane i møte denne veka. Med det kan det sparast 70 millionar kroner og butikken blir kanskje ikkje riven. Foto: Per-Kristian Bratteng 

Nyheter

Det er rådgjevar i Fylkesvegavdelinga Synnøve Sørflaten som gjev oss dette estimatet og som har laga saksframlegget til denne vekas møte i samferdselsutvalet. Dette kan, om det blir vedteke av politikarane, bety at butikken på Åfarnes ikkje blir fjerna, i alle fall ikkje i denne omgang. Det vil og bety ei innsparing på rundt 70 millionar kroner, truleg musikk i øyra på medlemmane i samferdsleutvalet. Sørflaten legg heller ikkje skjul på at dette truleg vil bli godt motteke av politikarane.