Skriv bok om dei fattige og dei rike

Jarle Sanden meiner det var eitt år for tidleg då hytta Fattig og Rik i fjor markerte 100-årsjubileum.

Forfattar: Jarle Sanden skriv snart punktum i boka om hytta Fattig og Rik i innfjordsfjellet. Men i siste liten kan du framleis bidra både med historier og bilde. Foto:Kjetil Svanemyr 

Nyheter

– Nei, det blir nok ikkje noko ny markering, men folk kan heller kjøpe boka, seier Jarle Sanden. Den tidlegare museumsdirektør er komen langt i arbeidet med boka, men er framleis meier enn interessert om det skulle vere nokon som sit på kunnskap eller bilde som har med hytta Fattig og Rik på innfjordsfjellet å gjere.

Lite skiftleg

– Du veit, det var lite som vart gjort skriftleg for 100 år sidan. Det var mest slik at ein idé dukka opp og så vart det «me høgg, me køyre på saga, me skjær og så bygge me», seier Sanden og fortel at han var beden om å halde eit foredrag om historia til Fattig og Rik for eitt år sidan då alle trudde at hytta var 100 år.

- Ingen vet hvem som bygde "For Fattig og Rik"

- Jeg har ikke klart å finne ut verken hvem som bygda hytta eller hvor navnet kommer fra, innrømmer pensjonert museumsdirektør Jarle Sanden.


I ettertid har det dukka opp eit ønskje om at burde ha vore laga ei bok om hytta si historie. Det er gjennom dette arbeidet at eg no kan slå fast at det var i 1920 at arbeidet starta opp, fortel Sanden.

Hyttebøker som kjelde

Jarle Sanden har i hovudsak bygd arbeidet sitt på hyttebøkene og det som har vore å finne der. Møteprotokollar frå den første tida har han ikkje lukkast med å finne. Kanskje har dei aldri eksistert heller.

Hundreårsjubileum for "Fattig og Rik"

I 100 år har den vesle hytta «For Fattig og Rik» gitt kjærkomment husly på Innfjordsfjellet. Det er et jubileum som fortjener en markering.


– Dei var ganske unge dei som sette i gang arbeidt med hytta og dei var mange som skar tømmer og bar material til fjells. Men kven alle var, det veit vi ikkje. Eg har så langt skrive rundt 25 sider og har samla ein del bilete. Men vi vil gjerne ha meir. No blir det korrekturlesing og så vil boka snart bli sendt til trykking. Men det er ikkje for seint, kom gjerne med tips, seier Jarle Sanden.