Elevane går føre inn i ny kommune - no startar dei på skule i Vestnes

Dei tjuvstartar på mange vis elevane frå Vågstranda som no startar skulegangen i Vestnes. Barneskuleelevane skal gå på Helland skule. Ungdomsskulen blir i Tresfjord.

Ny i Vestnes: Framme fra venstre Josefine Hoem-Schjølberg, Emma Eikebø-Amdam, Michelle Hjelvik, Tristian Nói Talberg og Ciljan Pedersen Svendson. Bak inspektør Kathrin Villa, rektor Gisela Smith-Nilsen og lærer Cathrine Hoem.   Foto: Stein Siem

Nyheter

- Det kjennest litt rart ja, seier Josefine Hoem-Schjølberg når vi sit saman i bilen og er på veg til Vestnes. Josefine og fire andre frå Vågstranda skal gå eitt år på Helland skule før dei skal til ungdomsskulen i Tresfjord.