På ein dag klatra han 23 fjelltopper

Verdsmeister i fjellspringing, Kilian Jornet, hadde ein spektakulær 24. juli der han kom seg opp fjellkjeda Hurrungane i Sogn og Fjordane. Fjellkjeda har til saman 23 topper på over 2.000 meter over havet.

VERDSMEISTAR: Kilian Jornet har vunne verdsmeistarskap seks gongar i «Skyrunner World Series» og ei rekke «ultramaraton».   Foto: Kilian Jornet

Nyheter

(Rbnett.no): Fredag 24. juli hadde Kilian Jornet ein litt annleis plan for dagen enn dei fleste av oss. Jornet, som er busett i Rauma, ser på seg sjølv som ein 360° fjellidrettsutøvar. Frå soloppgang til solnedgang skulle han gå opp alle 23 toppar i fjellkjeda Hurrungane i Sogn og Fjordane.