Nesten normal drift på sjukehusa:

– Det burde halde med eitt sjukehus i fylket som er spesialisert på korona

Jakob Strand i brukarutvalet i HMR er bekymra for alle dei andre pasientane i fylket.

Mange andre pasientar: Det er nok med eitt sjukehus som er spesialisert på korona, meiner Jakob Strand.  Foto: Marius Simensen, Sunnmørsposten

Nyheter

(Sunnmørsposten): Ein god del konsultasjonar og planlagde innleggingar står på vent på grunn av korona-beredskapen. Men no nærmar sjukehusa seg normal drift. Det fortel klinikksjef Palma Hånes ved Volda sjukehus.