Tilrår veg i dagen for ny E136 gjennom Veblungsnes

Statens vegvesen vil redusere kostnadene og unngå bygging av miljøtunnel i kvikkleireområde. Tilråinga frå Vegvesenet er at nye E136 gjennom Veblungsnes blir bygd i dagen.

Skissa viser ny E136 gjennom Veblungsnes som veg i dagen.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

I ei pressemelding frå Statens vegvesen går det fram at Vegvesenet no har sendt over ei vurdering til Rauma kommune av aktuelle alternativ for veg gjennom Veblungsnes. Alternativa er ny veg med miljøtunnel, ny veg i dagen gjennom sandtaket, utbetring av eksisterande veg og fjelltunnelalternativ.