Taper 60 millionar kvar månad på ferjedrift

Fylkeskommunen taper 60 millionar kroner kvar månad på drift av ferjene i fylket på grunn av koronakrisa.

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Nyheter

Det går fram av eit notat frå fylkeskommunedirektøren til fylkesordføraren. Notatet er ei orientering om handteringa av det pågåande utbrotet av koronaviruset, COVID-19. i fylkeskommunen

Fylkeskommunedirektøren har gjort berekningar på dei økonomiske konsekvensane for fylkeskommunen totalt sett innan tannhelse, kultur og kollektiv.

Fylkeskommunedirektøren skriv:

«Fylkestannhelsetenesta hadde i 2019 ei årsinntekt på om lag 22 millionar kroner. Det gir ein månadsinntekt på om lag 1,8 millionar kroner, og som vil utgjere tapte inntekter for tannhelsetenesta i den tida med stenging for ordinær drift.

Samferdselsområdet reknar i dag med eit inntektsbortfall på om lag 60 millionar kroner per månad, som følgje av at ein no ikkje tek betalt på ferje, og at det berre er mogleg med betaling med reisekort eller app på buss og hurtigbåt. Dersom det blir innført ei AutoPASS-ordning på ferje og mobilbetaling på buss og hurtigbåt reknar ein med eit inntektsbortfall på 42–47 millionar kroner per månad på bakgrunn av dei sterkt reduserte trafikktala ein har i dag.

kulturområdet vil inntektstapet for første månad vere om lag 1 mill. kr for arkeologi, samt 132 000 kr på sal av musikarteneste. Totalt 1,132 mill. kroner. Det er og venta tap som følgje av avlysingar knytt til den kulturelle skolesekken på om lag 0,65 millionar kroner.»

Fylkesutvalet har møte tysdag 24. mars.