Ber kommunane utforme mest mogleg felles reglar

Fram til 19. mars hadde 18 av 26 kommunar gjort karantenevedtak. No ber Fylkesmannen om at vedtaka vert utforma mest mogleg likelydande.

Fylkesmann Rigmor Brøste. 

Nyheter

Fylkesmannen skriv i ei pressemelding at det framleis er behov for å avgrense smitte til fylket, og intensivere andre førebyggande tiltak. Og Fylkesmannen poengterer at kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak.

I pressemeldinga tilrår Fylkesmannen «at kommunale vedtak i størst mogleg grad vert utforma likelydande. Det er ei forventning om:

  • Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland
  • Vedtaket må sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unntatt krav om karantene, vi viser her til DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar
  • Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene
  • Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over
  • Kommunane i vedtaksperioden set i gang/intensiverer andre førebyggande tiltak.

– Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i. Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste.