Friidrettsutøvarar inspirert av Karsten Warholm

16 unge friidrettsutøvarar frå Åfarnes og Måndalen reiser i helga til Ulsteinvik og KM i friidrett innandørs.

Til KM: Frå venstre Tilje Solli-Mork, Tomine Lindreitli Dahle., Anne Pedersen Strømsøyen, og Hedvik Rødstøl Langnes. Sistnemnte deltak ikkje denne gongen.  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Nyheter

Konkurransane er viktig, men høgdepunktet blir kanskje å møte verdsmeister Karsten Warholm som fredag var på heimebane og skulle vere med på eit stemne med internasjonal deltaking. Her skal raumaungdomane vere til stades og la seg inspirere av stjerna.