Eigedomane deira kan hamne i Vestnes når Vågstranda går ut av Rauma kommune:

Grunneigarar kritiske til grensejusteringa

Grunneigarane ved sørsida av Svartevatnet i Måndalen er kritiske til forslaget frå Kartverket om ny grense mellom Rauma og Vestnes.

Bekymra: Alf Gunnar Sæbø, Miriam Myrvold Sæbø, Wivian Moen, Birgitte Bø Zijlstra, Svein Gunnar Rydjord og Olav Asbjørn Moen er alle grunneigarar ved Svartevatnet i Måndalen. Dei stiller seg uforståande til Kartverket sitt forslag til ny kommunegrense mellom Rauma og Vestnes. Om den går gjennom, vil mykje av eigedomane deira hamne i Vestnes kommune.  Foto: Even Ørjasæter

Nyheter

For rundt eit halvt år sidan kom forslaget frå Kartverket om den nye grensejusteringa mellom Rauma og Vestnes når Vågstranda går over til nabokommunen i 2021. I forslaget kjem det fram at Svartevatnet er tenkt som ein del av området som skal over til Vestnes. Det skjøner grunneigarane i Måndalen lite av.