«Vil ordføraren arbeide for kommunegrenser i samsvar med Rauma sine interesser?»

Torbjørn Bruaset.Foto: Evy Kavli 

Nyheter

Spørsmål til ordføraren ang. ny kommunegrense mellom Rauma og Vestnes.

Ved overføringa av Vågstranda til Vestnes kommune får vi ny grense mellom kommunane.

Det meste av den nye grensa er sikkert både logisk og sjølvsagt, men oppe i fjellet ved Svartevatnet bryt forslaget sterkt med det som har vore før.

Slik den nye grensa er trekt så vil heile Svartevatnet ligge i Vestnes kommune. Også fine privateigde fjellområde på mange km² blir etter forslaget overført til Vestnes. Dette er det mange som ikkje forstår, eller vil godta.

Fram til 1964 gjekk grensa mellom Voll og Veøy /Vågstranda slik at Svartevatnet låg i Voll kommune. Og etter mitt syn bør det vere den gamle kommunegrensa frå før 1964 som no blir ny grense mellom Rauma og Vestnes (Vågstranda).

All avrenning frå Svartevatnet går mot Måndalen, altså ligg vatnet på Måndalssida av vasskiljet. Svartevatnet er drikkevasskjelde for nesten heile Måndalen m. Hovde og Søvik.

Den sambruk av fjellet som har vore til fiske, jakt, beite o.s.v. bør kunne halde fram som før.

Dersom dette blir brakt inn for Jordskifteretten, noko som skulle vere unødvendig, så vil sikkert avgjera bli slik dei eldste kart og dokument syner. Dette er vanleg praksis. Kartet over Romsdals amt frå 1860 talet syner heilt klårt at Svartevatnet ligg i Voll.

Statens kartverk har ikkje noko mandat til å flytte etablerte eigedomsgrenser!

Det er fleire som er skuffa over kor likesæl administrasjonen har stilt seg til dette, når dei har vore i kontakt med kommunen om denne saka.

Spørsmål: Vil ordføraren arbeide for at den nye kommunegrensa blir i samsvar med Rauma sine interesser, slik eg her har forsøkt å legge dette fram?

Skal det vere noko politisk behandling/godkjenning av dei avtalane som no blir forhandla fram med Vestnes kommune?