80-åringen er tilbake i full jobb som butikksjef

Han prøvde å slutte og berre ha ei birolle i butikken på Mittet. No er Tormod Dahle butikksjef på nytt.

Tormod Dahle har allereie mange gjeremål bak seg når vi kjem på besøk rundt halv ni ein måndags morgon. 80-åringen har meir enn ti timar føre seg med arbeide før dagen er over.   Foto: Stein Siem

Nyheter

– Ja eg er no i mitt 81 år, seier Tormod Dahle. Vi møter butikksjefen ein tidleg morgontime. Han har allereie vore i sving lenge. Først med snøspaden for å halde inngangen og trappa fri for snø. Deretter med datamaskina for å gjennomføre ei innbetaling til Norsk Tipping.