Stor interesse rundt kjøp og sal av lokalprodusert mat i Rauma

Ei gruppe for kjøp og sal av lokal mat direkte frå bonde til kunde har fått stor merksemd på Facebook dei siste dagane.

Sauebønder: Linda O. Vik saman med dottera Eline Vik. Dei fekk 180 lam i år, og har sendt 150 til slakt, saman med 15 vaksne sauar. Linda har tenkt lenge på at ho ønsker å prøve REKO-ring for å selje sauekjøt.  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Det var Janita Wenaas som tok initiativet og starta gruppa søndag. Gruppa vaks fort, og i løpet av nokre dagar hadde den over 200 medlemmar.