Laurdag inviterer Åndalsnes kino til feiring av Den store kinodagen

Den seks filmar lange kinodagen startar med frukost, og får eit musikalsk avbrot der Filip Eidsvåg vil dirigere pub-likum gjennom ein seanse med musikkmoro.

Musikar: Filip Eidsvåg og kinosjef Marit Scheide er klare for Den store kinodagen. Foto: Stig Bruksås 

Nyheter

– Det blir ikkje noko enkelt måltid, for no har Ingunn byrja å rasle, seier kinosjef Marit Scheide, når musikkmoroansvarleg Filip Eidsvåg spør om frukosten.