Danske Jette leiter etter familierøter i Romsdal

Slektsnamn som Hatlen og Nora knyter Jette Milberg Petersen til Åndalsnes, Isfjorden og Molde.

Det betyr mykje for Jette å bli kjend med området mora kom ifrå,  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Ho studerer namn og inskripsjonar, og samanliknar det som kan virke kjend med informasjonen ho har i ei tjukk mappe ho ber med seg. Den er full av bilete av slekt og familie, utskrifter og notat med pikenamn og slektsnamn, og datoar for fødslar, konfirmasjonar og giftarmål.