Desse har søkt om å bli ny toppsjef i Helse Møre og Romsdal

I alt 12 søkarar har søkt på stillinga som ny administrerande direktør i helseføretaket. Alle desse er menn.

Illustrasjonsfoto  Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix

Nyheter

Det melder Helse Møre og Romsdal på sine heimesider. Då fristen gjekk ut den 30. september, hadde i alt 12 personar søkt på stillinga. Tre av desse har i etterkant trekt søknaden sin, medan to søkarar har fått innvilga unnatak for å stå på offentleg søkarliste i høve med Offentleglova §25. Alle søkarane er menn.

Her er lista over søkarar:

Thorbjørn Gaarder (64) MChief credit officerOslo
Ivar Edmund Vatten (55) MArbeidssøkandeHalsanaustan
U.off §25 M**************
Edin Grønvik (25) MFagarbeidarKristiansund
Søknad trukket M**************
U.off §25 M**************
Jon-Ola Wattø (35) MLogistikkansvarlegÅlesund
Kristian M Corneliussen (30) MRevisorTrondheim
Søknad trukket M**************
Søknad trukket M*******

*******

Ole Hope (56) MAdministrerande direktørBergen
Ståle Hoff (52) MAvdelingssjefÅlesund


Til Helse Møre og Romsdal sine heimesider seier styreleiar Ingve Theodorsen i helseføretaket at dei har fått fleire gode søkarar.

– I løpet av oktober vil vi gjennomføre intervju med aktuelle kandidatar, og ambisjonen er å gjere ei tilsetting i slutten av måneden, seier han.