Nesaksla blir også stengt ein dag neste veke

– Me rekk ikkje å frakte opp all steinen i dag, seier prosjektleiar Anita Buckley ved Norsk Tindesenter, torsdag.

Skytteltrafikk: Sjølv med fine forhold vil ikkje fraktinga av stein til Nesaksla bli ferdig torsdag. Difor vil fjellet òg vere stengd delar av fredagen.  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Rundt klokka 13.00 torsdag hadde Nord helikopter gjennomført 50 av dei rundt 120 nødvendige flyturane med stein mellom eit mellombels steindeponi på Mjelva og Romsdalstrappa. Altså rundt 13,3 turar i timen, har prosjektleiar Anita Buckley rekna seg fram til, medan ho har slikka sol og koordinert aktiviteten.