Prosten: - Det blir utfordrande å få løyst alle oppgåver framover

Indre Romsdal prosti treng to nye sokneprestar etter at sokneprestane på Sørsida og i Nesset har slutta. Berre i Møre bispedømme er det for tida utlyst 11 prestestillingar, alle for andre gong.

Prost Erling Nevland trur ikkje prestemangelen er ein permanent situasjon.  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Dei to stillingane som sokneprest i Indre Romsdal prosti vart utlyst første gang 9. juli, andre gang i september, og foreløpig har ikkje prostiet motteke ein einaste søknad til stillingane som har søknadsfrist 15. oktober.