Ny renovasjonsordning startar tirsdag: – RIR er klar for Rauma

Tirsdag 1. oktober blir ein merkedag for alle som er opptatt av renovasjon, avfall og resirkulering. – Me ser veldig fram til å kome i gang i Rauma, seier RIR-sjef Jan-Egil Korseberg.

Dagleg leiar Jan-Egil Korseberg i Romsdal interkommunale renovasjonsselskap (RIR) ser forventningsfulltl fram til at RIR startar opp med den nye renovasjonsordninga i Rauma førstkomande tirsdag. Frå 1. januar 2020 er Rauma kommune fullverdig medlem i RIR med representantar både i styret og representantskapet i selskapet.  Foto: Arne Buseth / RIR

Nyheter

– Dette blir kjempespennande for oss. Det er framleis nokre område av Rauma som ikkje har fått utdelt dei nye søppeldunkane. Det gjeld først og fremst delar av Isfjorden og Åndalsnes, seier RIR-sjefen til Åndalsnes Avis.