Svenske SJ vil satse på Raumabanen: – Vil ha to fleire avgangar

- Vi ser eit veldig stort potensiale i Raumabanen, og vil legge opp til to fleire daglege avgangar til og frå Åndalsnes. Men for Raumabanen sin del er det først og fremst innan reiseliv og turisme at vi ser det største utviklingspotensialet.

togoptimist: Dan Olofsson er direktør for toganbud i det svenske togselskapet SJ, som frå neste sommar overtar ansvaret for persontrafikken på Raumabanen. – Eg har reist med tog i 70 land. Raumabanen er utan tvil ein av dei aller vakraste togstrekningane, seier Olofsson. Foto: Arnt Øyvind Siem 

Nyheter

Dette seier Dan Olofsson til Åndalsnes Avis. Han er direktør for toganbud i det svenske tokselskapet SJ, som frå neste sommar og dei ti neste åra framover skal ha ansvaret for persontrafikken på Raumabanen.