Kommunen inviterte til avsluttande Veslemannen-middag

Med ein septemberblå himmel og pudderkvite romsdalsfjell som kulissar, var bebuarane under Veslemannen samla til ein avsluttande "puste ut-middag" på Hotel Aak søndag kveld - i regi av Rauma kommune.

– I sum har alt dette gjort desse seks åra veldig krevande for oss, men no er me berre veldig glag og letta over at alt er over, seier Gunn Walstad Sogge, som er sauebonde rett ved foten av fjellet Mannen. Søndag kveld var det avsluttande Veslemanen-middag på Hotel Aak.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Etter snart seks år med ein stadig trussel om nye ras og evakueringar, er det kvardagslivet me har ønska oss aller mest å få tilbake igjen. Og det har me endeleg fått no, seier Gunn Walstad Sogge til Åndalsnes Avis.