- Har stor tru på at Rauma skal få sin første kvinnelege ordførar

Kvar for seg og for kvart sitt parti har Yvonne Wold (SV) og Magnhild Vik (Sp) eit sterkt håp om at Rauma no skal få sin aller første kvinnelege ordførar.

Både Magnhild Vik (Sp) og Yvonne Wold (SV) håpar at Rauma no skal få sin aller første kvinnelege ordførar.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Ja, eg har stor tru på at SV kan få ordføraren etter valget på måndag, seier SVs førstekandidat, Yvonne Wold, til Åndalsnes Avis under laurdagens valgkampinnspurt ved Rauma rådhus.