Ap-veteranen David (74) er klar igjen - var utvalgsleiar 16 år på rad

40 år i lokalpolitikken skremmer ikkje ringreven David Grøvdal frå å takke ja til endå ein valgperiode for Rauma Ap.

David Grøvdal (74) er på 3. plass på Rauma Ap si valgliste. Her frå torsdagens møte i Rauma kommunestyre, som var det siste møtet for det sittande kommunestyret.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Det er både interessant og berikande å vere med og forme lokalpolitikken i den retninga ein vil. Målet er jo å skape eit best muleg Rauma-samfunn.

Ap-veteranen frå Isfjorden har hatt ei lang yrkeskarriere i Vegvesenet. Også i politikken er det teknisk sektor han har interessert seg aller mest for.

– Eg var leiar i teknisk styre i 16 år etter kvarandre, fortel David Grødvdal, som no altså er klar for endå ein fireårsperiode.

– Oppfordringa mi til dei nye som no kjem inn i politikken er dette: Prøv å gjer deg opp ei fornuftig meining i sakene på førehand, og så skal du stå fast på den, seier Ap-veteranen.