Samla til sitt aller siste kommunestyremøte: – Tusen takk for oss

Berre fire dagar før valget var det sittande kommunestyret i Rauma samla til sitt aller siste møte, eit møte som nok var meir prega av det komande valget enn at fire år var over.

Raumaordførar Lars Olav Hustad (H) og varaordførar Arne Hop (KrF) framfor politikarkollegiet då det sittande kommunestyret i Rauma torsdag kveld var samla til sitt aller siste møte, berre fire dagar for valget som vil styre samansettinga av det neste kommunestyret i Rauma.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Eg vil takke alle dåkk som har vore med i desse fire åra. Eg er imponert over at dei folkevalde i Rauma alltid stiller godt forberedt til dei politiske sakene, helsa raumaordførar Lars Olav Hustad til kollegaene i kommunestyret.