– Fortsett det i denne farta vil isbreane i Rauma snart vere borte

– Smeltinga av isbreane har skjedd i eit kolossalt tempo sidan tusenårsskiftet. Det som no skjer i Alpane, i Antarktis og på Grønland, det skjer også i ei urovekkande fart i Rauma og i resten av Norge.

- Nedsmeltinga av isbreane rundt om i verda skjer langt raskare enn det forskarane trudde for berre 10-15 år sia, seier professor Atle Nesje ved Universitet i Bergen, som er ein internasjonalt kjent breforskar. Sidan 1997 har Briksdalsbreen smelta 800 meter. Vatnet ved foten av breen er 500 meter langt. Sidan tusenårsskiftet har det vore ei rask nedsmelting av isbreane også i Rauma, i følge lokale kjentfolk og fjellfolk.  Foto: Ola Nesje

Nyheter

Dette seier professor Atle Nesje ved Universitet i Bergen til Åndalsnes Avis.