Samferdselsministeren på E136-lynvisitt i Innfjorden: - Initiativet ligg lokalt

Innfjorden bygdalag fekk gehør for at flaskehalsen ved Vikbogen må tilbake på E136-kartet, men laget fekk samtidig ei utfordring i retur då vegstatsråd Jon Georg Dale var på E136-snarvisitt i Rauma onsdag.

Flaskehalsbesøk: StatsrådJon Georg Dale (t.h.) var onsdag på E136-besøk i Innfjorden, saman med fylkesleiar Frank Sve i Frp, der dei møtte Gudmund Nyheim (bak t.v.), Tove Hovde og Oddmund Berild i bygdalaget. Dale stoppa også ved Hjelviktunnelen, Måna bru, Veblungsnes og i Romsdalen.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Me vil ha fokus tilbake igjen på Innfjorden og E136, og me vil at Statens Vegvesen skal hente fram igjen planene frå 1990, seier leiar Gudmund Nyheim i Innfjorden bygdalag.