Rydda elv på Skiri i håp om elveopning

Arne Skiri ser fram til å få opna elva, men er klar på at det ikkje må skje for tidleg.

Utsikt og atmosfære er upåklageleg på Skiri.  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Arne Skiri og naboen Fredrik Skiri, som ikkje er i slekt, samarbeider om å halde 2,5 kilometer elv open for både fisk og fiskarar. Ein entusiastisk laksefiskande og naturglad austlending tilbydde seg å hjelpe med ryddinga, og Skiri og Skiri engasjerte han med glede.