Reduserte bevegelsar - men varsel om regn i dag

Hastigheita i fjellpartiet har gått ned.

Sivilforsvaret er til stades under Veslemannen.   Foto: Stine Vandevjen Olsen

Nyheter

Grunna stor steinsprangaktivitet og høge rørsler vart farenivået heva til raudt 19. juli. I kveldsrapporten laurdag skriv NVE at hastigheita har gått ned i fjellet:

- Sidan då har det vore fleire periodar med stor steinsprangaktivitet. Hastigheita i fjellpartiet har gått ned og er nå frå 3 til 15 cm/døgn i midtre og øvre delar og omlag 2 cm/døgn i frontpartiet, skriv dei.

Søndag morgon skriv dei at:

- Siden lørdag er bevegelsene i fjellpartiet gått ned og er nå 4 til 12 cm/døgn i øvre del og 1 til 2 cm/døgn i fronten. Det er varslet 4 til 10 mm nedbør i dag, noe som kan påvirke bevegelsene. Rødt farenivå opprettholdes.