NVE: - No er hastigheita omlag 25 cm per døgn i øvre del

Framleis store bevegelsar i Veslemannen.

Lars Harald Blikra er seksjonssjef i NVE. Arkivfoto.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Nyheter

Det seier NVE fredag kveld. Fredag ettermiddag vart farenivå satt til raudt.

- På morgonen i dag gjekk det fleire større steinsprang og hastigheita til fjellpartiet auka mykje. Farenivået blei då heva frå gult til oransje og seinare i dag til raudt, fortel NVE.

Fredag kveld er det framleis store bevegelsar, og det går framleis steinsprang.

- No er hastigheita omlag 25 cm/døgn i øvre del av området, og 4-5 cm/døgn i frontpartiet. Det er kommen litt regn, og det er varsla meir nedbør søndag. NVE opprettheld raudt farenivå, skriv dei.